,

Vi har fått oss logo!!

.


Blomen Iris latifolia er no med og representerer PiriTur på reisa vidare.

Denne vakre blomen ser vi ofte når vi er på fjelltur sommarstid. Den begynner å vekse tidleg på våren, før all snøen er vekk og blømer sein vår og sommar. Og litt fleire fakta. Den blir mellom 30 og 70 cm høg, er endemisk i Pyreneane og likar seg i høgfjellet. Her om dagen fann eg også ut at alle delar av planten er giftige! Ikkje at eg hadde tenkt å putte den i salaten, men uansett greit å vite. Denne planten er ein framandart i Norge, men er innført som prydplante, så du har nok sett den ein hage her og der.

Vi leika først med idear rundt fjell og dalar som ein del av logoen, men valgte å gå vekk frå dette. Det er utruleg mange flotte logoar med fjell og fjellsilhuettar der ute, og vi fann ut at det vart utfordrande å kome opp med noko annleis og gjenkjennbart. No finnast det nok mange blomsterlogoar og, men vi gjekk for noko som er typisk for Pyreneane. Iris Latifolia, eller Lliri blau som er eit av dei katalanske namna. Ein vakker blome som høyrer heime og veks vilt i fjella!

Håpar de likar vårt nye kjennemerke!


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×