, , , , ,

Arbeidsveke utanfor allfarveg…

To tenåringar, ei tante og ein turoperatør! Oppskrifta for ei arbeidsveke i Pyreneane.


For nokre veker sidan tilbragte eg og to tenåringar ei litt annleis arbeidsveke ilag! Eg har jo “arbeidsveke” kvar veke, men for tenåringane var det den klassiske “jobberfaringsveka” i regi av ungdumsskulen.

Niesa mi og veninda kom opp med ideen om å ha arbeidsveka si her hos oss/Piritur, i Catalonia, og det kunne ikkje ho tante sei nei til! Å få gje desse jentene ei (forhåpentlegvis) lærerik og opplevelsesrik veke, og ikkje minst, få tilbringe dagesvis med kvalitetstid saman, det måtte vi få til. Så slik vart det! Jentene la ut på si første utanlandsreise på eiga hand og sjekka ut kva det inneber å vere turoperatør…

Her kjem dei to jentene si eiga oppsummering av opphaldet!

Hei
Vi er to elevar frå 9.klasse som har vert så heldige å fått reist til Spania i arbeidsveka. Vi heiter Milena og Sigrid, og er 14 år gamle. Vi kjem frå Stryn, ein liten plass i Nordfjord i Noreg.

Dei andre elevane har arbeidsveka si heime, medan vi fekk moglegheita til å reise og oppleve korleis det er å jobbe og leve i Spania.
Dokke lurer kanskje på korleis vi kom på å jobbe med Piritur. Sigrid er tantebarnet til Marte.

Vi landa med fly i Barcelona laurdag kveld. Og reiste opp til Taüll morningen etter. Der fekk vi sjå en kul tradisjon og kulturopplevelse. Ei type forening hadde show der dei lagde mennesketårn. Det hadde mange forskjellige formasjonar og det var god stemning og fullt på torget

Vi har gjort mykje spennande og interessante ting medan vi har vore her, men det vi likte aller best og kjem til å hugse lengst er juvinga. Før vi kom visste vi at vi skulle juve, men var ikkje heilt sikker på kva det var. No skjønnar vi kvifor det er vanskelig å forklare, fordi det er noke ein må oppleve for å forstå. Det gjorde vi vertfall på måndag. Då gjekk vi i juv, hoppa og koste oss. Vi gjekk i vatn nesten heile tida, men heldigvis fekk vi våtdrakt so vi vart ikkje kalde.

Vidare i veka har vi bestege Pic d’Estany Gémena som ligg 2555 moh. Det er et av dei nydlegaste toppane vi har vert på. Vi stoppa eit par gongar og kunne nyte utsikta som vart betre jo lenger vi kom oppover.
Vi har også gått frå landsby til landsby, og lært en del om dei forskjellige landsbyane.
Den dagen fekk vi også prøve VR briller som var skikkeleg kult. Der lærte vi om dei forskjellige kyrkjene i landsbyane rundt. Det var både lærerikt og ei oppleving.

Etter nokre dagar i Taüll reiste vi tilbake til Barcelona onsdag ettermiddag. På torsdag hadde vi full bydag. Men her måtte vi planlegge sjølv kva vi skulle gjere og korleis vi skulle kome oss frå plass til plass. Det var litt vanskelig, men vi greide det til slutt. No har vi sett store delar av Barcelona på en dag og både opplevd bylivet og bygdelivet i Spania.

Kvar dag har vi også tatt mykje bileter og hatt ansvar for Instagram brukaren til Piritur. Der har vi lagt ut litt kvar dag og ein får sjå det meste vi har opplevd. Ein tenkjer kanskje at sosiale medier er ganske lett, men det har vert ei lita utfordring. Vi måtte ha bra bilder, musikk, tekst og legge ut jevnlig.

Alt i alt har vi lært mykje. Både med jobben vi har gjort, med sosiale mediar og planlegging.
Og om historia i Pyreneane og Taüll, korleis kulturen er og korleis historia er til dei andre landsbyane rundt. Men også det med å reise på eigahand og vere sjølvstendig. Som dokke høyrer har vi lært mykje, fått tidenes opplevelse, Og den beste jobbveka!


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×