
Opplev dei katalanske Pyreneane med oss!

Utsikt mot nokre av landsbyane i Vall de Boí.




Storslått natur og variert terreng
Pyreneane byr på alt frå høge, taggete fjelltoppar til frodige dalar. Her finn du luftige ryggtraversar og stille innsjøar, tette skogar og blomstrande enger. Om du er glad i å vandre, klatre, sykle eller berre nyte naturen, vil du finne noko som passar dine interesser.
Pyreneane er ei fjellkjede som strekkjer seg frå Middelhavet i aust til Biscayabukta ved Atlanterhavet i vest. Pyreneane dannar ei høg mur mellom Frankrike og Spania, og har vore ei formidabel barriere mellom den iberiske halvøya og resten av Europa. Fjellkjeda er rundt 430 kilometer lang og varierer i breidde frå 6 til 80 kilometer. Den høgaste toppen er Aneto, på 3 404 meter, i den sentrale delen av Pyreneane. Mesteparten av grensa mellom Frankrike og Spania går langs fjellryggen, med unntak av nokre få stader der landa kryssar over til kvarandre. Det autonome fyrstedømmet Andorra ligg også mellom fjelltoppane.
Piritur har sin base i dei katalanske Pyreneane, nærare bestemt Vall de Boí. Den katalanske delen av Pyreneane ligg i nordaustlege Spania og dekkjer provinsane Lleida og Girona. Her finn ein Aigüestortes og Estany de Sant Maurici nasjonalpark, kjent for sine innsjøar og dramatiske fjellformasjonar. Den høgaste toppen i dei katalanske Pyreneane er Pica d’Estats (3 143 moh).
Aktivitetar for alle i Vall de Boí
Vall de Boí er ein fjelldal og kommune med åtte små landsbyar, kvar med mellom 9 og 200 innbyggjarar. Dalen er kjent for sine godt bevarte romanske kyrkjer, og området er eit populært reisemål for fotturar, fjellklatring og vintersport.
Vall de Boí er eit perfekt utgangspunkt for små og store eventyr. Enten du er ein erfaren fjellklatrar som søkjer utfordringar, ein familie som ønskjer lette turar og kulturutforsking, eller noko midt i mellom, har vi noko for deg. Vi tilbyr organiserte turar for grupper, skreddarsydde opplegg, og sjølvstyrte turar.
Rik kultur og historie
Vall de Boí er ikkje berre kjent for sine naturskjønne omgjevnadar, men også for sine romanske kyrkjer, som står på UNESCO si verdsarvliste. I denne dalen finn du godt bevarte landsbyar som vitnar om ei rik historie. Her kan du få ein innblikk i lokal kultur, tradisjonar og livsstil som har blitt halden i hevd gjennom generasjonar.
Autentisk matoppleving
Inga reise er komplett utan å smake på den lokale maten. Dei katalanske Pyreneane byr på ei rekkje tradisjonelle rettar og gode, ferske lokale råvarer. Nyt eit måltid på ein sjarmerande restaurant eller pakk ei piknikkorg for ein lunsj i det fri.
Enkel logistikk
Frå Oslo er det relativt enkelt å reise til Pyreneane. Med gode flyforbindelsar til Barcelona, og deretter ein køyretur på cirka 3,5t til Vall de Boí, er du midt i hjartet av fjellheimen.
Opplev Pyreneane med Piritur
La oss i Piritur hjelpe deg med å planleggje ditt neste eventyr. Med vår kjennskap til området og lidenskap for friluftsliv, står vi klare til å hjelpe deg med å skape uforgløymelege opplevingar.
Velkomen til fjells med Piritur!

