
Ut på tur i Pyreneane
Har du lyst på ein aktiv ferie? Er du glad i fjell og dalar? Klar for å utforske fjellheimen utanfor Norge?
Om svaret er ja på eitt eller fleire av desse spørsmåla vil vi gjerne invitere deg til Pyreneane! Kom og opplev fjellkjeda langs grensa mellom Spania og Frankrike.

Kva tilbyr vi?
Vi arrangerer aktive feriar i Catalonia, Spania, hovudsakleg i Pyreneane, men Costa Brava er også på menyen. Vi henvender oss i utgongspunktet til nordmenn. Med vår norsk-katalanske bakgrunn meiner vi at dette er vår nisje. Vi arrangerer gruppeturar der vi planlegg og organiserar så og sei alt, skreddersydde turar for dei som har spesifikke ynskjer, og vi tilbyr hjelp med å planlegge tur. Hovudfokus vil for oss vere å skape aktive turopplevingar, men lokal kultur, mat og tradisjonar vil sjølvsagt også vere integrert i programmet.
Les gjerne meir om kva dei ulike opplegga inneber og ta kontakt om du er interessert i å reise til fjells i Pyreneane med oss!
Tilbakemeldingar frå turdeltakarar
“Piritur la til rette for fantastiske naturopplevingar og turar i Pyreneane. Det var fine ruter og lokalkunnskapen deira gav moglegheiter til å gå alternative ruter der ikkje alle andre går .”
janita, 33
“Gode val av ruter gjorde at vi slapp følelsen av å vere ein turist i mengda. (…) Variasjonen i opphaldet, med sykling, overnatting på fjellhytte, kyrkjebesøk og juving, var flotte avbrekk og kontrast til vandringa.”
berit, 49
“Piritur er ein liten turoperatør som tilbyr skreddarsydde turar for aktiv ferie i og rundt Pyreneane. Den personlege servicen og oppfylgjing undervegs gjorde vår tur til ei saumlaus og minnerik oppleving! Området Piritur opererar i strekker seg frå alpine fjellområde til dalfører med pitoreske landsbyar og heilt til kysten av Middelhavet. Her kan en velje på øverste hylle av opplevingar. Anbefalar Piritur på det varmaste!”
Torill,
“Ser tilbake på turen med eit smil om munnen og er kjempeglad for at eg gjennomførte, og ikkje berre tenkte at dette skulle eg gjort ein gong.”
Torbjørn, 44
Kva er vi opptekne av?

Mat og kultur

Fjell og natur

Fysisk Aktivitet og tur
Abonner på nyheitsbrevet vårt og du vil med jamne mellomrom få ei lita oppdatering på kva vi styrar med!

Ta kontakt
Nysgjerrig på pyreneiske fjell og dalar!? Kriblar det litt i vandrefoten? Ta kontakt med oss!
