
Velg opplevingar DU elskar!
Ingen reisande er heilt like. Nokon vil ha rolege dagar omgitt av spektakulært landskap, andre drøymer om å gå lange turar og bestige fjerne tindar, medan mange helst vil ha litt av alt.
Velg dei opplevingane som inspirerar deg, og vi lagar ein tur som passar ditt tempo, dine interesser og dine ambisjonar. Vi har sett saman nokre Turforslag som du kan velge akkurat som dei er eller bruke til inspirasjon. Men, vi skreddersyr meir enn gjerne ein tur for deg, slik at du får akkurat den type opplevingar som du set pris på!
Nedanfor finn du ein heil del eksempel på kva vi kan organisere for deg! Det er berre å velge og vrake!
Dersom noko av dette ser interessant ut er det berre å ta Kontakt med oss!

Fotturar
Alt frå lettgått tur i ein dal til krevande fleirdagsturar.
- Naturopplevingar av den ukompliserte sorten
- Familievenlege turar
- Dagsturar
- Langturar med overnatting undervegs
- Alpine turar
- Lokale favorittar utanfor allfarveg
Natur og dyreliv
Opplev Pyreneane med lokale guidar.
- Villblomar og alpin flora
- Fugletitting
- Lammegribb og andre rovfuglar
- Hjortebrunst
- Brunbjørn i sitt naturlege habitat
- Nasjonalparkar og verna naturområde


Fart og spenning
Legg til ei ekstra dose adrenalin på reisa.
- Juving (vandring, hopp og symjing i elv/juv)
- Elvepadling
- Paragliding
- Via ferrata
- Sportsklatring
- Terrengsykling
- Skikøyring i alpinanlegg

Fjellklatring og alpinisme
For deg som ønskjer større utfordringar.
- Tekniske toppbestigingar
- Egge- og ryggtraversar
- Tradisjonell klatring
- Klyving i alpint terreng
- Fleirdagars alpine eventyr
- Toppturar på ski (randonee)
Kultur og tradisjonar
Bli kjend med historia og tradisjonane i Pyreneane og Catalonia.
- UNESCO-lista romanske kyrkjer
- Tradisjonelle fjellandsbyar
- Lokale museum
- Gardsbesøk
- Lokal mat og gastronomi
- Historie og kultur i Pyreneane


Costa Brava – det gode liv ved Middelhavet
Frå dramatisk klippekyst til sjarmerande middelalderlandsbyar.
- Vandring på stiar langs klippar og strender
- Kajakkpadling og snorkling i krystallklart vatn
- Båtturar
- Sykkelturar
- Middelalderlandsbyar
- Salvador Dalí og kunst- og kulturhistorie
- Vin- og olivenoljesmaking
- Lokal mat og gastronomi
- Vekkgøymde badebukter og strender










