

Kven står bak Piritur?
Piritur er ein norsk-katalansk turoperatør som befinn seg i startgropa, og vi som står bak heiter Dani og Marte. Vi er to fjellglade folk som ynskjer å dele turgleda med andre. Dani vaks opp i Barcelona, men kjenner seg meir heime i grisgrendte strøk og til fjells. Han har både budd og vore svært mykje på tur i Pyreneane. Marte kjem opprinneleg frå fjellfagre Stryn, men har budd halve livet i Oslo. Vi bur no i urbane strøk rett utanfor Barcelona, men reiser ut i naturen og til fjells så ofte vi kan.
Vi er altså eit norsk-katalansk par som er over snittet glad i å vere til fjells, og vi har mange kilometer og høgdemeter frå Pyreneane i sekken. Dette tenker vi er eit svært godt utgongspunkt for å lage bra turopplegg for norske fjellfararar i Catalonia! Vi har lokalkunnskap og perfekt nasjonalitetsmiks kombinert med eit genuint ynskje om å dele fine opplevingar i flott natur med andre!
Pyreneane er nok ikkje eit fjellområde nordmenn flest kjenner særleg godt til, og difor kanskje ikkje ein opplagt destinasjon når ein skal ut på tur. Men, fjellrekkja har definivt mykje å by på og vi vil vise fram nokre godbitar til folk som ynskjer å reise på fjellferie. Her er det alpine toppar, grøne dalar, luftige egger og trivelege landsbyar. Ein god kombinasjon av natur og kultur.
Les meir om Pyreneane her: Kvifor Pyreneane?

