Vill og vakker kyst

Costa Brava strekkjer seg langs den nordaustlege kysten av Catalonia og er kjend for sitt turkise hav, små bukter, dramatiske klipper og sjarmerande kystbyar. Her finn du alt frå livlege strandpromenadar til fredelege viker der du kan nyte Middelhavet i rolege omgjevnader.

Området byr på langt meir enn sol og strand. Gamle fiskelandsbyar som Calella de Palafrugell og Cadaqués har teke vare på den autentiske sjarmen sin, medan middelalderbyar som Pals og Peratallada inviterer til ei reise tilbake i tid. Langs kysten går den vakre turstien Camí de Ronda, som slyngjer seg mellom strender, klipper og små hamner, og gir fantastiske utsiktspunkt over havet. Perfekt for både korte rusleturar og lange vandringar.

Etter ein dag på vandring kan du nyte eit godt måltid på ein lokal restaurant. Costa Brava er òg kjend for det rike kjøkenet sitt. Fersk sjømat, lokale ostar, olivenolje og tradisjonelle katalanske rettar står sentralt, og området har fleire restaurantar i verdsklasse.

Costa Brava kan utforskast til fots, men også frå sjøen. Du kan padle avgarde i ein kajakk eller få båtskyss til ei av dei mange vakre buktene.

Vin og matopplevingar

Like bak kysten ligg vinområdet Empordà, eit av dei eldste vinområda på Den iberiske halvøya. Vinmarkene strekkjer seg frå foten av Pyreneane og heilt ut mot Middelhavet, noko som gir druene eit heilt spesielt preg.

Mange av vingardane tek imot besøkande for omvising og vinsmaking. Ei vinsmaking kan enkelt kombinerast med gode måltid og naturopplevingar. Kva med å sykle avgarde til ein vingard…?

Vin høyrer som regel saman med god mat, og det katalanske kjøkenet byggjer på enkle, gode råvarer der kvaliteten får stå i sentrum, utan unødvendig stæsj eller kompliserte teknikkar. Mattradisjonane er levande og djupt forankra i kvardagslivet, og stolte generasjonar har teke vare på oppskrifter og lokale spesialitetar som framleis blir laga med respekt for historia og råvarene.

Costa Brava og Pyreneane

Costa Brava og nærområda har definitivt nok å by på til å fylle ein heil ferie! Strender, svaberg og klippar, fotturar, sykling eller padling, mat og vin, sjarmerande og historiske småbyar – alt kan du få oppleve i verkeleg vakre omgjevnadar! Området ligg 1,5-2 timar å køyre frå flyplassen i Barcelona. Perfekt for ei miniveke.

Dersom du har meir tid til rådighet og ynskjer å få i både pose og sekk kan vi sette saman eit opplegg som inkluderer både Costa Brava og Pyreneane!

Ei reise kan til dømes starte med nokre dagar i Pyreneane, der du kan oppleve storslåtte fjell, nasjonalparkar, vakre fotturar, sykkelturar eller klatring, alt tilpassa nivået og ambisjonane dine. Deretter går turen vidare til Costa Brava med avslappande strandliv, vandringar langs Camí de Ronda, besøk i historiske landsbyar og vinsmaking i Empordà.

Vi i Piritur set saman skreddarsydde reiser enten de reiser som par, familie eller vennegjeng. Vi tek hand om planlegginga frå start til slutt – overnatting, aktivitetar og transport. Du slepp å tenke på logistikk og å skulle finne dei fine plassane. Vi gjer jobben for deg! Målet vårt er å skape ei reise som kjennest personleg, autentisk og variert – der du får gode opplevingar på den måten som passar deg best!

Ta kontakt!

Fyll ut skjemaet nedanfor om du er nysgjerrig på kva turprogram vi kan setje saman for deg! Vi svarar meir enn gjerne på spørsmål eller tek ein uforpliktande prat!

×