, ,

Det er fleire dagar enn spekepølser!

Eit forsøk på å forklare nokre underlege katalanske uttrykk…


Hausten er her og skulesemesteret er i gong for dei fleste. Som eg har skrive om tidlegare så driv eg altså å lærer meg katalansk og språkskulen min har skikkeleg lang sommarferie, så vi byrja igjen i dag! Det betyr at eg har hatt ansvar for eiga læring i tre månadar. Det er litt vel lenge, om du spør meg! Eg har sjølvsagt prata katalansk og på den måten prøvd å halde i hevd det eg har lært, men eg må innrømme at det har ikkje blitt pugga mykje svake pronomen eller bøying av verb i løpet av sommaren….

Vel, no er vi tilbake på skulebenken så då er det berre å brette opp ermene og sette i gong! Subjunktiv og haugevis av unntak frå einkvar regel?! «Bring it on!»

Eg prøver hardt å forstå og integrere alle desse språklege viderverdighetene, men eg har ikkje tenkt å prøve å forklare dei her. Det eg derimot vil dele er nokre katalanske uttrykk. Trur det har litt meir allmenn interesse. Eg tykkjer slike uttrykk gjer språket rikare, og gler meg til å kunne strø rundt meg med artige og beskrivande katalanske uttrykk! Desverre er dette ein av dei tinga som tek tid å verkeleg få på plass, men, øving gjer meister – er det ikkje slik!?

Det er litt vanskeleg å oversette slike uttrykk på ein god måte, men eg prøver!

A poc a poc i bona lletra – Direkte oversatt: «Sakte og god handskrift». Sakte men sikkert. Å gjere noko sakte og grundig. Noko av det første eg lærte meg på katalansk og definitivt det uttrykket eg brukar mest av alle!!

Bufar i fer ampolles – “Blåse og lage flasker”. Lett som ein plett. Enkelt.

Ploure a bots i barrals – “Det regnar i bøtter og spann”. Akkurat som på norsk -artig, tykkjer eg!

No tenir ni cap ni peus – “Har verken hovud eller føter”. Hodelaust. Uorganisert. Gir ikkje meining.

Ser un somiatruitas – “Å vere ein omelettdrøymer”. Nokon som er distrahert, ein drøymer, ufokusert…

Hi ha mes dies que llonganises – “Der er fleire dagar enn spekepølser”. Det er rikeleg tid til å gjere noko.

Com cul i merda – “Som rumpe og skit”. Blir brukt om personar som alltid er saman. Å henge saman som erteris.

Està com un llum d’oli – “Som ein oljelampe”. Ein person som har rare idear, er litt gal, har meiningar som stadig endrar seg.

S’ha acabat el bròquil – “Der er ikkje meir brokkoli!”. Når du vil sei ifrå om at det er ikkje er meir tøys og tull, no må ein gjere sånn eller slik!

Har vi norske uttrykk som samsvarar med desse ovanfor?

Er det nokon uttrykk her du kan tenke deg å ta inn i ditt vokabular?


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×