, ,

Vener på tur!

Å dele ferieopplevingar med venegjengen!


Vi har nettopp arrangert tur for ein venegjeng på 16(!) stykker. Ein flott gjeng på pluss/minus 60 år med lang fartstid i turbransjen. Ikkje alle kjente kvarandre like godt, men det var mange gode vener med lang felles historie i gjengen.

Eg har evaluert eigen innsats, organisering, opplegg og liknande, og eg har gjort meg mange tankar under og etter turen. Men, akkurat no vil eg ikkje fokusere på logistikk og informajonsflyt. Det slo meg nemleg at det er alt for lenge sidan eg sjølv har vore på tur med vener! Ei helg eller ein ferie med mine, fine folk. Å reise vekk saman for å nyte kva det no enn er ein vil nyte. Saman! Eg er sjølvsagt grådig glad i å vere i fjellet og vil gjerne gjere dette ilag med gode vener, men bytur, hyttetur, båttur eller anna gjer definitivt også nytta!

I ei lita veke har eg fått vere midt i ein flokk som pratar seg vekk, som mimrar saman om tidlegare turar og opplevingar saman, som ler av kvarandre med humor og kjærleik, som fortel skrøner og kosar seg. Det er noko skikkeleg fint med relasjonar som går langt tilbake. Felles historie. Å kjenne kvarandre så godt at ein veit kven som tek kva rolle i gruppa. Kven “sjefar”, kven beundrar kvar blome, kven kjenner kvar fugl, kven er sistemann i seng, kven er stille og kven er høglydt, kven har dei beste historiene…. Eg har vore på jobb, men eg må innrømme at eg har kosa meg med å både observere og å få vere litt på innsida.

Det er noko spesielt med å vere i feriemodus, slappe av og nyte tid saman . Ingen må heim etter middag, ingen skal på jobb i morgon. Kanskje drøse over ei øl etter ein lang fjelltur. Slitne og fornøgde, sannsynlegvis litt stolte over dagens innsats. Å vere saman i dagesvis, og å møtast til både frukost og middag. Å ha god tid !

Fine folk på ferie altså, for eit privilegie å få vere med å legge til rette for at dei skal kose seg!


2 responses to “Vener på tur!”

  1. Cecilie Jørgensen avatar
    Cecilie Jørgensen

    Åååååå ❤️ Tenk om vi fekk vere på tur i lag ❤️

  2. Marte avatar

    Vi skal definitivt på tur i lag igjen!!!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×