Eg har sprunge Falles for første gong!! For ei oppleving!!
Om du har fulgt med på Facebook- eller Instagramkontoen vår så har du sikkert fått med deg at vi feira Falles her i Taüll forrige helg. Dette er ei feiring med lange tradisjonar her i dalen og fleire andre stader i Pyreneane. For cirka eit år sidan skreiv eg faktisk om Falles her på bloggen, så om du vil kan du lese deg opp på kva dreier seg om her: Fyr og flamme i Vall de Boí.
Feiringa av Falles har blitt veldig populær og det er mange som kjem reisande for å vere med på moroa. Her i landsbyen ynskjer ein å bevare dette som ein tradisjon for dei som bur her eller har ei sterk tilknytting til plassen, så alle og einkvar som har lyst kan eigentleg ikkje stille opp og “spring Falles”. Dani har allereie sprunge fleire gonger, men så har han også budde han også her i eit par år. Eg, derimot, verken har budd eller bur her, har ikkje katalansk blod i årane og snakkar ikkje eingong språket flytande!! Så trass i at fleire av våre fastbuande vener ønska meg hjarteleg velkoma til å springe, så var denne konfliktskye dama som hatar å vere til bry, noko nervøs for at “Falles-politiet” skulle kome og ta ein alvorsprat.

Men, for ei fin oppleving, frå ende til annan! Først ut på tur for å finne eit passande emne å lage “rantiner” av (den store fakkelen vi spring med). Ei ganske strevsom ferd, med mange kilometer og høgdemeter og ei tung bør på heimvegen. Vidare tilbragte vi fleire kveldar i hagen til gjestefrie Joan og Yumi saman med ein heil gjeng som lagde rantiner til både store og små. Vi er ikkje akkurat erfarne i dette arbeidet så ting tek tid! Men, i godt selskap så blir sjølv det som eigentleg er frustrerande utfordringar ein sosial og triveleg prosess! Etter mykje spikking, saging, kvisting, kløyving osb. vart vi ferdige til slutt og riktig så nøgde med resultatet!
Dagen for fest og feiring kom og i kveldinga vandra vi og alle dei andre som skulle springe til ei høgde over landsbyen. Med ei stigning på 300 høgdemeter, bærande på ein gigafakkel vart vi gode og varme i trøya. Medan sola gjekk ned og mørke senka seg fann vi fram spekemat, brød og vin frå sekken, delte med naboen og åt medan vi kika ned på landsbyane i dalen.




Når mørket hadde senka seg og klokka passert ti på kvelden var det på tide å setje igong. Først sprang dei minste ungane med sine små faklar og ein vaksen ved sidan av. Ei kort rute (dei minste er berre 2-3 år gamle) gjennom landsbyen og over torget. Etterpå spring dei “midterste”, ungar og ungdomar i begynnelsen av tenåra. Dei startar litt oppi bakken og spring og showar seg over torget, med litt større faklar. Alle gatene og torget er stappa med folk som heiar og jublar fram alle som spring. Så, til slutt spring dei vaksne. Det vil sei, vi byrjar gåande. Det er nemleg bratt og ingen skikkeleg sti der vi bevegar oss nedover. Alle i landsbyen følgjer med på den buktande slangen med faklar som sakte men sikkert kjem ned bakkane.


I det vi er nede i dei brusteinslagde gatene fulle av folk byrjar vi å springe. Ulike rundar som alle går via torget. Bandet på scena spelar og alle hoiar og ropar. Stor stemning, trange gater, folk over alt og brennande faklar. Vi spring så godt vi klarar med dei store trestokkane over skuldra, prøver å halde oss på beina, smiler og kosar oss! Dei sprekaste hoppar, sprett, snurrar og viser seg fram, og det heile endar med at vi hiv alle faklane ihop i eit stort bål. Det blir klemming og gratulasjonar blant alle som har sprunge. Alle er tydeleg litt “høge” på opplevinga, og har fått opp både pulsen og adrenalinet!
Ei primitiv form for feiring, men skikkeleg effektiv! Ein bygger opp forventningane i dagesvis i forkant medan ein lagar faklar, kjenner på fellesskapet når ein vandrar, et saman og gjer seg klar til å springe, og så toppar det heile seg med kjempestemning blant både deltakarar og tilskodarar. Og for ein som meg som kjem utanfrå, ein innflyttar, innvandrar, så er det ekstra stas å kjenne seg inkludert på ein dag som denne. Ingen som kikkar og lurer på kva du gjer der, berre smilande folk som lurer på korleis det var å springe Falles for aller første gong! Takk, eg storkosa meg!!
Du kan lese meir om Falles her : https://www.vallboi.cat/en/falles

Leave a Reply