Vi to som utgjer PiriTur har jammen funne ut av mykje i denne reiselivsverda vi har teke turen inn! Og vi har framleis mykje å finne ut av! Må ærleg innrømme at det er både interressante og mindre interessante, viktige og mindre viktige utfordringar og oppgåver som må handterast langs vegen. Sjølv om spansk skattesystem, det å lage si eiga nettside og EU-reglement for pakketurar er både komplisert og viktig, så er til sjuande og sist GJESTER det aller viktigaste for oss, og kanskje også den største utfordringa… Vel, gjestene er ikkje utfordrande, men å få dei til å takke ja til invitasjonen krever sitt!
Vi vil så inderleg gjerne (og må) nå ut til folk som vil kome og vere våre gjester!
Gjestene vi snakkar om er rett nok betalande kundar, men folk skal likevel kjenne at dei er svært velkomne. Vi ynskjer at alle skal kose seg og ha det kjekt, kjenne seg velkomne og ivaretatt! Vår visjon er nemleg å gje andre dei same opplevingane som vi har hatt. Turar utanfor dei mest opptrakka stiane. Små og store eventyr som handlar om fjell og natur, eit saktegåande liv på landsbygda, mat og kultur med lang historie. Vi ynskjer å bruke vår lokalkunnskap og våre erfaringar til å skape opplevingar for fleire enn oss sjølve. Vi vil dele vår glede over å vere i desse områda, og vi har tru på at dei som blir med oss på tur vil få ei flott oppleving! Dette er bodskapen vi ynskjer å formidle til alle der ute!


Sjølvsagt prøver vi å freiste med fine bilete og videoar i sosiale medier, og svært mange av mine vener og bekjente på Facebook har motteke propaganda-meldingar. Men, vi tenker at det kanskje er vel så viktig å ha eit godt rykte. At nokon ein kjenner, eller som kjenner nokon ein kjenner anbefalar PiriTur.
Så håpet er at når vi har teke folk med til fjells, nytt naturen og introdusert dei til lokal ost og pølse, ja då reiser dei heim, strålande fornøgde, og snakkar med sine vener og bekjente om kor sabla fint dei hadde det på tur, kor greie folk dei møtte og kor kjekt alt var…! Dermed får, forhåpentlegvis, ein heil haug med folk lyst til å reise på tur med oss.
Så vi fortset å invitere, satsar på at mange takkar ja til invitasjonen og er klare for å gje alle våre gjester uforgløymelege ferieminner!


Dette var nokre tankar rundt det vi er mest opptekne av for tida.
Skriv gjerne ein kommentar nedanfor om kva som er viktigast for deg når du vel feriedestinasjon! Kva gjer at du går frå å drøyme om å reise ein eller annan stad til faktisk å bestemme deg for å gjere det?



Leave a Reply