,

Den forsvunne vassmålaren!

Eit aldri så lite kvardagsdrama…


Her i Catalonia har det vore alvorleg vassmangel i fleire år, og i den forbindelse har dei på vermeldinga på TV hatt eit symbol i hjørnet som viser den totale vasstanden i alle vassreservoara som høyrer til Catalonia. Så, kvar kveld når vi får med oss dagens nyhende og vermelding så blir vi også oppdatert på kor mange prosent vatn det er i reservoara. Sidan eg flytta hit sommaren 2023 har dette talet stort sett vore alarmerande lavt og heile tida under 40%. Ikkje spesielt oppløftande tal, men vi har sjølvsagt fulgt med.

Når ein lever med ei slik pågåande tørke tek ein innover seg kor utruleg heldige ein er i Norge som har så god tilgong på vatn! For ei lukke! Dette er ikkje akkurat revolusjonerande nytt, men når ein kvar dag, sommar som vinter, blir minna på å spare på vatnet då synk det inn på eit anna vis.

Ikkje la vatn gå til spille! Ikkje la krana stå å renne! Bruka vatnet om att! Ikkje dusje for lenge! Påminningane er over alt.

Tilbake til den forsvunne vassmålaren! No har det nemleg skjedd ting på fuktighetsfronten…. Dei siste vekene har det vore uvanleg mykje nedbør. (Like før eg kjøpte meg støvlar…) Snø i fjella og regn i lavlandet. Dette veit vi å setje pris på her! Vi har sett pila i hjørnet av TV’en bevege seg oppover og fulgt spent med. Men, her om dagen var pila og prosentane brått vekk!!! Eit bittelite kvardagsdrama i stova! Reservoara er endeleg over 50% fulle, og det er no skikkeleg flott. Situasjonen er ikkje like prekær lenger og vi treng sikkert ikkje vere like alarmert som tidlegare. Men, no var det jo endeleg kjekt å følgje med på desse prosentane! Pila kraup oppover og oppover! Endeleg gjekk det klart og tydeleg rett veg! Og så tek dei vekk målaren, heilt utan forvarsel!!?! Svært skuffande. Eit sakn.

Eg har ikkje utført noko meiningsmåling i befolkninga generelt, men her i heimen vil vi gjerne ha “vassmålaren” tilbake!! Spørs om ikkje det må bli eit frustrert lesarinnlegg til den katalanske statskanalen frå ein norsk tv-sjåar…!

Grafen viser vassmengda i reservoara frå 2019 til 2025. Teikninga til høgre illustrerar at 25. mars var reservoara fylt til 57,25 % av maks kapasitet!


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×