Piritur (alle to) var i Stryn på juleferie og då tipsa ein kamerat lokalavisa om “prosjekt Piritur”, og om at vi var i distriktet. Fjordingen, som avisa heiter, responderte på tipset og det vart intervju og skriverier! Før vi visste ordet av det var Piritur framsidestoff og greier!!
For oss er det sjølvsagt veldig kjekt at andre tykkjer det vi driv med er interessant og vi takkar ikkje nei til litt omtale. Å nå ut til aktuelle turdeltakarar er ikkje berre enkelt for ein liten aktør som oss, og difor noko vi vil fokusere på framover. Då er det fint å få litt publisitet med på vegen.
Utklippet nedanfor er frå artikkelen Fjordingen publiserte på nett, og biletet er teke på garden der eg vaks opp. Lokal tilknytting er sjølvsagt essensielt for å kome på trykk i ei kvar lokalavis.

Det var både kjekt og litt skummelt å dele planar og håp for framtida til Piritur med journalisten og med alle lesarane. Eg er eigentleg ikkje så komfortabel med merksemd rundt eigen person og er heller ikkje så glad i å dele noko særleg om meg sjølv med allmennheita. Difor kostar det meg litt å “prate offentleg” om eigne planar, håp og draumar. Men, dette var for Piritur, så då er det berre å legge vekk eigen sjenanse og la folk få del i vår storarta plan 😉Og det skal seiast, eg tykkjer det vart ein flott artikkel og det har vore mange fine tilbakemeldingar i etterkant!

Lenkje til artikkelen i avisa Fjordingen nedanfor, men ein må desverre vere abonnent for å kunne lese artikkelen. https://www.fjordingen.no/nyhende/i/GyqBK4/inviterer-til-tur-i-pyreneene
Som sagt, det er veldig kjekt med publisitet for Piritur, og så er det litt mykje for underteikna som privatperson med både framside og dobbeltside inni avisa. Spesielt når ein er med mor si på matbutikken og ho kjøper 4 eksemplar av papiravisa!

Leave a Reply