Forrige veke prøvde eg meg på tur åleine. To netter på hytter og tre dagar på vandring. Ikkje nokon ekspedisjon akkurat, men for meg var det første fleire dagers fjelltur på eiga hand, og det er jo alltid interessant. Eg kan avsløre med ein gong at det gjekk veldig fint! Eg fann fram, eg likte det og det er til og med gode sjansar for at eg gjer det igjen!



Vanlegvis lenar eg meg tungt på min kjære livspartner og turkamerat, Dani, når vi er i fjellet. Han er over snittet glad i kart og god på å legge opp bra ruter og då blir det svært enkelt for meg å stole på at han tek seg av planlegging og guiding. Difor var det på høg tid at eg utfordra meg sjølv litt og tok ein tur på eiga hand.
Ruta eg gjekk var i Parc Natural dels Ports som ligg cirka 3 timar køyring sørvest frå Barcelona. Eit område eg ikkje kjente frå tidlegare. To av dagane gjekk eg etappar som er ein del av ei rute som heiter “Estels del sud”, og i løpet av dei tre dagane gjekk eg totalt cirka 75 km og 3700 høgdemeter. Turen vart nok ikkje like nøye planlagt som enkelte andre ville ha gjort, men det var evt berre mitt eige problem.
Dette var ikkje ein spesielt fysisk utfordrande tur. Det var sjølvsagt mange kilometer som skulle tilbakeleggast, men dette veit eg at eg ikkje har noko problem med å gjennomføre. Det interessante for meg var å vere på sjølvstyr over fleire dagar, og å sjekke om dette er noko for meg. I løpet av timesvis på vandring åleine oppdaga at eg vart svært opptatt av å kome fram i tide, og å ha kontroll på korleis eg låg an med kilometer og høgdemeter som var unnagort og kva som gjenstod. Det var på ingen måte slik at eg gjekk og tenkte mange kloke og djupe tankar alle desse timane på eiga hand. (Eg var verkeleg på eiga hand. Traff kun nokre få personar på stien i løpet av alle tre dagane.) Men, om hovudet ikkje var fullt av lange og interresante tankerekkjer, så vart det heller ikkje grubla og kverna på vanskelege eller tunge ting. Det var rett og slett eit befriande her-og-no fokus! Kvar er eg no? Kvar skal eg? Blir det bratt? Har eg nok drikke? Skal eg spare sjokoladen til seinare? Relativt ukompliserte spørsmål som eg stort sett fann svaret på ganske kjapt. Fysisk fostring og mental kvile. Strålande kombinasjon for ein “overtenkar”.
Konklusjonen må bli at turen stod til forventningane, eg har godt av å vere på sjølvstyr i fjellheimen nokre dagar og eg likar faktisk å gå på tur åleine. Likevel, eg føretrekk definitivt å dele opplevinga med einkvan! Men, heldigvis utelukkar ikkje det eine det andre, så det blir nok fleire åleineturar, og neste gong må det bli endå fleire dagar og endå høgare til fjells 😉




Leave a Reply