100 toppar!

Ein kan samle på så mangt. Til dømes fjelltoppar…


Å samle på fjelltoppar er ikkje uvanleg. 2000 meterar, 8000 meterar, lokale toppar, fjerne toppar, idrettslagslister med toppar…. Eg har til og med møtt ein gjeng kara frå den vesle staden Garmo i Ottadalen på ein topp i Pyreneane, som var der kun fordi toppen heiter Garmo Negro…! Kanskje ei slags namnebasert samling!? Det kan vere mange slags tankar og idear som ligg bak valet av ein topp å bestige!

Dei einaste toppane i Norge eg foreløpig har ein tanke om å kunne “hake av” er dei ein kan sjå frå garden der eg vaks opp heime i Stryn. Eg må meddele at det framleis er mange fjell som ligg der og flottar seg rundt fjorden og ventar på mitt første besøk. Her i Catalonia har eg faktisk begynt å samle på både 3000 meterar og toppar frå ei liste som heiter “100 cims”, som betyr “100 toppar”.

Ideen med “100 cims” er å få folk til å utforske naturen i Catalonia, og det er ikkje berre for dei sprekaste. På lista med 522 toppar er det alt frå 3000 meterar i Pyreneane til lett tilgjengelege småtoppar i lavlandet. Når du har vore på ein topp som står på lista registrerar du den på nettsida, og når du har nådd det magiske talet 100 så blir du invitert til den årlege samlinga for dei som har bestege 100 toppar!

Eg må innrømme at “premien” ikkje er så veldig forlokkande for meg. For min del er det rett og slett berre tilfredsstillande å kunne sette nok eit namn på lista og sjå denne bli lenger, og det er artig med nok ein “markør” på kartet. I tillegg har eg no vore ein del stader som eg nok ikkje hadde oppdaga utan lista. Til dømes fekk eg ein gong med meg ein liten topp medan eg venta på Dani som hadde eit jobbmøte langt av lei ein plass, før vi skulle vidare for å tilbringe helga til fjells. Vi har teke nokre litt lengre joggeturar med utgongspunkt i toppar frå lista som ligg i vårt nærområde. Vi har også gått innom ein ekstra topp når vi har vore på fjelltur, for å få ein til på lista.

Enkelte er hekta og jobbar målretta for å hake av flest mogleg toppar på kortast mogleg tid, men eg trur minst like mange bruker det som ein liten ekstra motivasjon til å kome seg ut og opp, og ikkje minst til å utforske nye områder, stader ein kanskje ikkje hadde kome på å reise til om ikkje det var ein listetopp!

Foreløpig har eg 27 toppar registrert, så eg har ein veg å gå før det blir fest på meg, men berre vent og sjå 😉

Montardo, 2833 moh.

Dersom du er nysgjerrig kan du ta ein titt på både kart og bilete av toppane på lista: https://www.feec.cat/activitats/100-cims/


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×