
For eit par veker sidan køyrte vi til Vall d’Aran for å gå på tur i eit område vi ikkje har vore i tidlegare. Dette viste seg å vere eit skikkeleg godt val! Stiane tok oss gjennom eit vakkert, grønt landskap. Vi var oppe på ein topp på 2.400 meter med utsikt mot dei alpine og høgste toppane i Pyreneane, og gjekk gjennom knallrosa røsslyng langs stille fjellvatn.
Då vi snørte på oss skoa hadde vi ein plan for kva rute vi skulle ta, men nysgjerrighet og utforskartrong tok over undervegs og det vart nokre ekstra kilometer via fleire vakre vatn og eit gammalt gruveområde. På vegen opp passerte vi fleire plassar murar etter gamle støylar, så fantasien min var allereie i sving med å forstille seg korleis livet var i desse fjellområda for hundre år sidan. Når vi etterkvart kom høgare opp og vi såg gamle restar etter gruvedrift var både spørsmåla og dei indre bileta mange! Det viste seg nemleg at dette gruvedriftsområdet var stort. Spredd utover eit overraskande stort område cirka 2200 meter over havet var det nedfalne bygningar, tunellinngongar til gruver, reiskap og taubane. Fasinerande å sjå føre seg det samfunnet som ein gong må ha vore der, så langt til fjells. Eg lurer litt på kvifor ingen har fjerna alt utstyret, kablar og master i eit slikt naturskjønt område langt til fjells. På same tid så står alt saman nesten som monument og minner som naturen tek over litt etter litt. Etter turen vår har eg funne ut at det var drift i desse gruvene ti og frå mellom 1865 til 1917, den viktigaste utvinninga var sink og taubana var ein gong over 13 km lang.

Oppdagingsferd og lokalhistorie var kjekt, men det desidert største høgdepunktet denne dagen var likevel noko heilt anna; BJØRN! Vi var så heldige at vi fekk sjå ei binne med to ungar i sitt naturlege habitat! Utruleg stas, og litt skummelt når ho reiste seg opp på to for å snuse og sjekke kva vi lukta. Bjørnungane såg ikkje ut til å ta notis av oss, men tumla rundt i lyng og gras. Det var ca 100 meter og eit stort søkkk i terrenget mellom oss, så vi kjende oss relativt trygge, men pulsen steig nokre hakk då vi oppdaga den vesle bjørnefamilien. Aller første gong eg har sett bjørn og det var ei skikkeleg flott naturoppleving som eg seint vil gløyme!
Det vart rett og slett ein nydeleg dag med både natur- og kulturopplevingar av ypparste sort, og, for ikkje å gløyme, ein real fjelltur også med 23 km og 1700 høgdemeter! Akkurat slik vi likar det!


Leave a Reply