,

Taüll – Bygda vår

Her kjenner vi oss heime!


Taüll er ein liten landsby i dalen Vall de Boí i dei spanske Pyreneane. Her bur det ca 270 personar og alle kjenner alle. Vi er så heldige at vi har ei lita leilighet i her og kjem hit så ofte vi kan.

Taüll ligg langt opp i ein bakke, 1500 meter over havet og er ein triveleg landsby med nye og gamle steinhus, to romanske kyrkjer og fjell i alle retningar. Her er det frisk luft, utsikt og ei koseleg atmosfære.

Eg kjem frå ei lita bygd og vaks opp med ein nabo og lange avstandar til det meste. Dette er også ei lita bygd, men alle bur i ei klynge. Det er nok fordelar og ulemper med begge deler, men noko av det eg set pris på her er at det er gåavstand til alt og alle i landsbyen. Det er lettvint å møtast på baren på torget for ein kaffi eller ei øl, og her er faktisk ein bakar der ein kan kjøpe bollar og brød. Det kan eg like.

Mange andre småting set også stemninga for meg her i Taüll. Knallraude pellargonia i annakvar blomsterpotte. Den gedigne, lodne og late hunden som «vaktar» den vesle ostebutikken med sjølvlaga ost og is.  Eit glas forfriskande drikke under trea på Mallador ein varm sommardag, rett ved sidan av ei 1000 år gamal kyrkje, medan gjess, høner og esel underheld frå nabotomta. For å nemne noko.

Rett utanfor døra vår er det turstiar dersom vi vil gå eller springe til ein av nabolandsbyane, eller kanskje ta ein lengre rundtur i dalen. Eg set pris på at dette gjer det skikkeleg lettvint å kome seg ut. Om vi vil kan vi også starte fjellturen på trappa heime. Eventuelt er det uendeleg med turmuligheter, sommar som vinter, ein kort køyretur unna.

Området rundt Taüll er midt i blinken for utandørsaktivitetar og tiltrekk seg difor mange som er glad i å gå på tur, stå på ski, klatre og generelt nyte fjellheimen. Både turistar og fastbuande. Sidan Dani budde her ein periode har han knytta mange bekjentskap og venskap i området, og det er veldig kjekt å dele opplevingar med bra folk! Og då handlar det ikkje berre om å reise til fjells, men også å ete og drikke ilag, skravle og bli betre kjent over eit glas vermut, bli introdusert til ein hemmeleg badeplass, og synge og danse på fest!

Vi er veldig glad i denne plassen og vil gjerne dele den med fleire!


2 responses to “Taüll – Bygda vår”

  1. Cecilie avatar
    Cecilie

    Å, kor kjekt å lese! Ikkje rart de trivast her ❤️

    1. Marte avatar

      Ja, Taüll er rett og slett ein koseleg liten plass med mange fine folk!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×