, ,

Første gruppetur!

Ei veke med “gjester” i fjellheimen!


Vi har arrangert vår første tur!! Ein skikkeleg fin gjeng har hatt ei svært aktiv veke i Pyreneane saman med oss. Vi har gått fjellturar og vore 3000 meter over havet, sykla milevis på el-sykkel, vandra på stiar nede i dalen, og testa juving med høge hopp og djupe jettegryter. Vi har også ete og kost oss med lokale rettar og råvarer. Det har rett og slett vore ei veke med ganske fysisk krevande og tett program, og mykje sol!

Dette var ein test-tur, for å sjå at saker og ting fungerer slik vi ser føre oss, og for å lære av erfaring. Heldigvis vart det ei både fin og lærerik veke. Vi fekk bekrefta at vi er kapable til å setje opp eit budsjett, vi har testa ulike hotell, vi såg at ein framleis treng litt kontantar, vi har kjent på at vi alle har ulike toleransar for høgder, fart, vatn, varme, eksponering osb. Ikkje dei store overraskingane, men bra å ha med seg vidare. Langsmed har vi fått konstruktive tilbakemeldingar frå “gjestene” våre og delt idear og tankar rundt framtidige turar. Dette har sjølvsagt vore både interessant og nyttig for oss!

Veka bestod av to dagsturar til fjells, ein todagers tur med overnatting på fjellhytte, ein halv dag på elektrisk terrengsykkel og ein halv dag med juving. Middagane vart inntekne på lokale restaurantar i Vall de Boí (Boí-dalen) kvar kveld og på denne måten var vi også innom fleire av landsbyane i dalen. Eit besøk i ei av kyrkjene frå 1100-talet fekk vi også med oss.

Ikkje vanskeleg å kose seg i både oppover- og nedoverbakkane på ein skikkeleg god el-sykkel!

Hjarteleg takk for turen!!


2 responses to “Første gruppetur!”

  1. Cecilie avatar
    Cecilie

    Hurra! Så kult at det blei vellukka. Ser ut som ei strålande veke!

    1. Marte avatar

      Skikkeleg kjekt!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×