Folk har sagt at dei vil på tur med oss!! Juhu! Ein superfin liten gjeng kjem til Katalonia og Pyreneane i juli. Spanande og stor stas!

Pyreneane
Vi har også bestemt oss for eit namn på denne mulige framtidige bedrifta: Piritur!
No gledar vi oss skikkeleg og kosar oss med å planlegge og fundere. Det er kjekt å prøve å sjå føre seg kva dei som kjem vil ha mest glede av, kva som er dei beste fjellturane, kor langt og kor bratt er passeleg, kva anna enn tur skal vi fylle dagane med, kvar skal vi ete, osb. Kort oppsummert, korleis kan vi sørge for at flest mogleg får det best mogleg på tur med oss!
I tillegg til å jobbe med å førebu tur, spekulerar vi også på kva vi eventuelt ynskjer å tilby i framtida og vi jobbar med å få nettsida vår opp og gå. Det er mykje å lære og mykje å finne ut av, men det er grådig kjekt!

Leave a Reply