, ,

Øving gjer meister, eller?

Skisesongen går mot slutten, så det er på tide å gjere seg nokre tankar rundt eit lite prosjekt eg har hatt i vinter: Å øve meg på å stå på ski! Eg har hatt sesongkort i skianlegget i Vall de Boí, i Pyreneane, og har vore på plass i bakkane minst ein dag dei helgane…


Skisesongen går mot slutten, så det er på tide å gjere seg nokre tankar rundt eit lite prosjekt eg har hatt i vinter: Å øve meg på å stå på ski! Eg har hatt sesongkort i skianlegget i Vall de Boí, i Pyreneane, og har vore på plass i bakkane minst ein dag dei helgane vi har vore oppe i dalen (vall betyr dal på katalansk). Vi er der dei aller fleste helgane, både sommar og vinter.

Så var det desse skiferdighetene mine. For snart 10 år sidan durte eg inn på Oslo Sportslager og kjøpte meg fullt toppturutstyr utan å nokon gong ha prøvd meg på denne typen aktivitet. Eg hadde på denne tida for alvor blitt glad i å vere til fjells og tenkte at skulle eg kome meg ut og opp vinterstid så var rando løysinga! Tanken var god (som den ofte er), men i mange år vart det ikkje meir enn eit par turar kvar vinter. Og etter kvar sesong rekna eg på kor mange tusen kroner kvar tur hadde kosta meg! Dessutan, sidan eg var ny på topptur og knapt hadde køyrt alpint tidlegare var det begrensa kor artig nedkøyringane var. Eg tykte ei kvar antyding til bratte bakkar var skummelt og mjølkesyra sprengde i låra etter to svingar. Eg likte definitivt oppoverbakkane best.

For eit par år sidan byrja det auke på med skikøyring, og i år har det vel blitt nesten like mykje som dei siste ti åra til saman! Det hjelper på å bu ilag med ein kar som helst skulle ha vore ute på ski kvar dag heile vinteren…

Tilbake til “prosjektet”! I år har eg altså fått på meg skia oftare enn tidlegare og prøvd å forbetre teknikken. Eg har, med varierande hell, fokusert på å avslutte svingane, ha «croissant-armar», renne meir dynamisk, køyre fortare, ikkje lene meg bakover sjølv om eg tykkjer det går for fort (videobevis syner at det går temmeleg sakte…), og diverse anna teknisk småsnacks som eg ikkje hugsar i farta. Alt dette eigentleg for å gå på topptur, ikkje henge i skianlegget.

Saka er den at når ein introduserer ein slik aktivitet etter fylte førti, så er det begrensa kor god ein blir. Iallefall for meg! Det er vanskeleg legge av seg plogetendensar, farten er ikkje særleg høg, stilen er så som så, og det kjem hyppige dame-40-pluss-hyl…. MEN, eg ynskjer å gje meg sjølv eit par klapp på skuldra og eit oppmuntrande solidarisk heiarop til andre i same situasjon. Det går betre, litt etter litt! Når eg no står på toppen av eit fjell kjenner eg meg tryggare på å setje utføre. Eg går ikkje og gruar meg til nedfarten heile vegen opp (slik eg gjorde tidlegare), no tenker eg faktisk at «det ordnar seg alltid». Bratte bakkar blir forsert med mykje mindre drama og ubehag. Eg tør til og med å legge ut på tur ilag med andre enn min kjære. Og, det viktigaste av alt, eg har mykje større glede av å stå på ski!  Eg trur jammen vi kan sei at «Prosjekt Marte på ski 2024» er gjennomført med høgst akseptabelt utfall!


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×