Eg (Marte) lærer katalansk. Sidan september i fjor har eg gått på kurs på kulturhuset her i Cerdanyola to gongar i veka og øvd på nye lydar og nye ord, pugga bøying av verb og prøvd å forstå svake pronomen….

Det overordna målet for undervisninga er at vi skal kunne kommunisere verbalt på katalansk. Det betyr at vi må øve på å prate og ikkje tenke på at vi seier mykje rart!
Eg har altså valgt å lære katalansk før spansk, og dette er det visst ikkje mange som gjer. Både katalansk og spansk er offisielle språk i Catalonia, men realiteten er at alle snakkar spansk og ikkje alle snakkar katalansk. Tidvis er det difor litt utfordrande å kommunisere med folk eg møter på min veg, sjølv om det er mykje ein kan få til dersom begge partar legg godvilja til og er gode på kroppssråk! Tanken (hypotesa) bak å byrje med katalansk er at dersom eg lærer spansk først så vil eg faktisk klare meg heilt fint med dette og difor ikkje lære katalansk skikkeleg, medan det er uunngåeleg å lære seg spansk. Tida vil vise om dette stemmer! Uansett så ynskjer eg å lære katalansk. Eg bur i Catalonia, katalansk er morsmålet til Dani (min sambuar) og familien hans, og mesteparten av venene hans.
Som mange andre sikkert har erfart er det ei form for berg- og dalbane-oppleving å lære seg eit nytt språk. Ein dag tenker eg at no har eg verkeleg begynt å få teken på dette, neste dag forstår eg fint lite. Eg har vore skikkeleg stolt over å klare å bestille levering av pizza, per telefon(!), og neste dag forstår eg plutseleg ikkje om dama på butikken spør om eg har pose eller om eg vil ha pose (det vart ein ekstra pose på meg…). Eg har ein “språkpartner”, dvs ein katalansktalande person som eg øver med ein gong i veka, og første gong vi prata ilag i ein heil time på katalansk var eg fullstendig kokt i hovudet etterpå og veldig fornøgd. Men, i dei fleste middagsselskap og sosiale samanhengar er eg framleis “tause Birgitte” store delar av tida, sjølv om eg no heldigvis forstår det meste av det som blir sagt. Det er kort sagt kjekt og frustrerande å lære seg eit nytt språk!
Katalansk er eit romansk språk og har mykje til felles med både fransk og spansk. Det er offisielt språk i Andorra, i Alghero på Sardinia og i tre regionar i Spania: Catalonia, Valencia-regionen og Balearane. For mange her i Catalonia er det katalanske språket ein viktig del av identiteten og noko dei har eit svært bevisst forhold til. Mange eg møter blir difor veldig begeistra når dei høyrer at eg lærer katalansk, og at eg gjer det før eg lærer spansk.
Det er kjekt å merke at eg blir meir og meir glad i språket etterkvart som eg forstår meir, kjenner fleire som pratar språket, får dei ulike lydane inn i systemet og kjenner artige ord og uttrykk. Ekstra glad blir eg dei gongane eg faktisk forstår poenget i ei bra historie eller kanskje til og med ein vits!!

Å bli kjent med fine folk frå mange ulike land er ein bonus ved å gå på språkkurs!

Leave a Reply