,

På ski til Aneto

Siste skitur for sesongen


Det er ei lita stund sidan no, men tenkjer det er verdt å nemne at siste skitur denne sesongen gjekk til Aneto! Høgaste fjellet i Pyreneane med sine 3404 moh! Godt å få snikskryte litt av eigne bragder…

Aneto er ein del av Maladeta-massivet og  ligg i den autonome regionen Aragon.

Dani har bestege Aneto mange gonger, men for meg (Marte) var det altså fyrste gong 26. mai i år. Det vart ein lang og tung tur for min del, og eg fekk jobba med både kropp og hovud. Sakte men sikkert kom vi oss både opp og ned dei 20 kilometerane og nesten 1600 høgdemeter. Vi fekk kjenne på gleda og fasinasjonen over å kome ned i ein blomstrande dal etter ein tur opp i vinterlandskapet. Og, vi hadde fint ver heile vegen, unntatt på toppen! Då vi stod der 3404 meter over havet såg vi faktisk INGENTING! Uansett, det var stas å kome seg opp på høgaste toppen i Pyreneane, og når vi var tilbake ved bilen, skistøvlar var bytta ut med sandalar og eple og kjeks inntatt, då var halvparten av slitet gløymt og «post-aktivitet-gleda» raskt stigande!


2 responses to “På ski til Aneto”

  1. Cecilie avatar
    Cecilie

    Du e rå! 💪🏻

    1. Marte avatar

      Vel…. ein må no prøve å tøffe seg litt, sjølv om ein byrjar bli vaksa!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×