,

Fyr og flamme i Vall de Boí

Sommarfest i Pyreneane!


I Vall de Boí og enkelte andre dalar i Pyreneane har dei ein ganske spektakulær og særeigen måte å feire sommaren på: FALLES! Falles er sentrert rundt eld, faklar og bål og er knytt til jonsok (Sant Joan på katalansk) og sommarsolkverv. Ikkje heilt ulikt norsk jonsokfeiring med bålbrenning, men med ein spektakulær vri. Falles er ein tradisjon som går svært langt tilbake i tid, men som av ulike grunnar forsvann på byrjinga av 1900-talet. På tidleg 80-tal tok ein opp att tradisjonen og ved hjelp av fortellingar frå dei eldre den gong og nokre skriftlege kjelder reetablerte ein denne eldgamle feiringa.

Å “springe falles” er ei fysisk krevande øving. Spesielt under sjølve feringa, men også førebuingane krev sitt. I god tid før sjølve festen stikk deltakarane til skogs og finn seg ein passande stokk til å lage seg ein “falla”. Dette er rett og slett ein kjempefakkel. Desse førebuingane skjer gjerne fleire veker før Falles.

Ein “falla” kan lagast på mange ulike vis og kvar landsby har sine eigne tradisjonar. Førebuingane er gjerne ein sosial aktivitet saman med naboar. Samtalane handlar gjerne om kva som er best teknikk for å få fakkelen til å brenne best og lengst mulig.

På sjølve festdagen går alle som skal “springe falles” til eit fast samlingspunkt eit stykke ovanfor landsbyen. Der et og drikk dei saman medan mørket fell på.

Falles Taüll, Vall de Boí

Når det har blitt heilt mørkt kveikjer alle faklane og dannar eit langt buktande tog. Først spring ungane ei kort rute og rett før midnatt kjem dei vaksne springande ned til landsbyen med fakkelen over skuldra. Det er flott å sjå fakkeltoget nærme seg, og i det dei kjem inn i landsbyen går stemninga rett til himmels med hoing og heiarop. “Løparane” gjev alt! Dei hoppar, sprett og spring fleire rundar over torget og gjennom dei trange gatene medan gneistane fyk! Det heile endar med at alle faklane blir kasta i eit stort bål, og medan bålet brenn fortset festen og dansen til neste morgon!


Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

×