Ynskjer du ein ferie litt utanfor allfarveg – med ekte naturopplevingar, roleg landsbyliv og den unike smaken av lokal kultur og tradisjon? Har du lyst til å vandre mellom alpine toppar, langs blanke fjellvatn og gjennom frodige dalar, medan du pustar inn frisk fjelluft og tek inn den vakre utsikta? Kom og opplev Pyreneane saman med oss! Vi stortrivast på tur her – dette er vårt heimeområde og vår lidenskap. Difor ynskjer vi i PiriTur å organisere ein aktiv fjellferie for deg og dine!

Vi kjenner stiane, fjella og dei skjulte perlene. Med vår lokalkunnskap kan de berre lene dykk tilbake og nyte, medan vi tek oss av all planlegging og logistikk. Vi er klar for å organisere alt frå de landar i Barcelona og til de flyr avgarde igjen. 

Denne turen passar for vaksne som set pris på kvalitet, trivst ute i naturen og vil oppleve noko ekte og litt annleis – saman med vener og familie, eller kanskje berre du og din betre halvdel.

I Pyreneane står fjelltradisjonane sterkt

Her har folk i generasjonar drive med vandring, klatring og alpinisme – både sommar og vinter.

Dalen der vi har vår base, Vall de Boí , er ein av dei viktigaste inngongsportane til nasjonalparken Aigüestortes i Estany de Sant Maurici. Eit område med spektakulære fjellandskap, brusande elvar og stille innsjøar.  Her finn du milevis med stiar, variert terreng og rikeleg med turar å velge mellom. 

Les meir om Pyreneane og Vall de Boí : Kvifor Pyreneane?

Vi foreslår – du velger!

I dagsprogrammet nedanfor legg vi opp til 4 dagar med vandring i fjell og dalar, 1 dag der vi utforskar nærområda på el-sykkel, og 1 dag heilt utan program, der de kan slappe av og berre nyte omgjevnadene. Dette er vårt forslag, men vi tilpassar både dagsprogrammet og nivået på turane etter dykkar ynskje. Om de ynskjer det er Marte med som lokalkjend vertinne og sørger for at de kan kose dykk og sleppe å tenke på logistikk.

I Vall de Boí og nasjonalparken kan du gå ukompliserte turar i dalen, bestige luftige toppar over 3000 meter – eller noko midt imellom.

Saman med naturen er sjølvsagt lokalkultur ein viktig del av opplevinga. Vi tek dykk med til dei sjarmerande og velholdte landsbyane, og stikk innom ei eller fleire av dei 1000 år gamle kyrkjene i dalen. De blir sjekka inn på eit familiedreve og triveleg landsbyhotell.

Etter endt fjelltur kan du setje deg i solveggen med eit glas forfriskande drikke og berre kjenne på roen. I dalen finn du mange hyggelege serveringsstader – perfekt for ein kaffi, ei øl eller eit godt måltid med tradisjonelle katalanske rettar.

Vår base er fjelldalen Vall de Boí i dei katalanske Pyreneane, men vi anser heile denne flotte fjellkjeda som vår leikegrind. Så sjølv om dette i utgonspunktet er ein tur til Vall de Boí , har vi mange fleire stader på menyen! 

Sjå forslag til dagsprogram og prisoverslag lenger nede på sida.

Generelle reisevilkår: Reisevilkår for Piritur 

FORSLAG TIL DAGSPROGRAM:

Dag 1 – Reisedag: Barcelona – Pyreneane
• Møtast for avreise på flyplassen i Barcelona
• Køyrer til Vall de Boí i Pyreneane (ca 3,5t)
• Innsjekk hotell og litt avslapping.
• Middag på ein lokal restaurant på kvelden.


Dag 2- Fjelltur
• Fjelltur i Aigüestortes nasjonalpark med imponerande alpine toppar og vakre dalar. Lengde og vanskelighetsgrad på turen tilpassast dykkar ynskjer og behov.
• Nistelunsj undervegs. Hotellet førebur matpakkar til oss kvar dag, unntatt «fridagen».
• På ettermiddagen kan ein slappe av, ta eit glas i skuggen, lese ei bok eller gjere seg kjent i landsbyen.
• Restaurantmiddag


Dag 3 – Vandring i dalen
• Ny dag, nye stiar. Ein mindre krevande tur på stiar i fjelldalen der vi bur. Ein god kombinasjon av natur og kultur. Lunsj undervegs i ein av landsbyane vi går innom.
• Eit lite besøk i ei romanske kyrkje, Sant Climent de Taüll, på ettermiddagen. Kyrkja er frå 1100-talet og videoframsyninga av dei originale veggmåleria er flott å få med seg, om ein har sansen for gamle kyrkjer eller ei!
• Restaurantmiddag.

Dag 4 – «Fridag»
• Ikkje noko fastlagt program denne dagen. Kvar enkelt gjer som ein lystar. Det kan til dømes vere kaffi og ei god bok eller besøke senteret for romansk kultur og få ein introduksjon til lokalhistorie ved hjelp av VR-briller (virtual reality). Eller kanskje du heller er typen til å ta ein paraglidertur!? Moglegheitene er mange!
• De ordnar lunsj sjølve.
• Felles restaurantmiddag


Dag 5 – Fjelltur med overnatting
• Etter å ha teke det roleg ein dag legg vi ut på ein todagerstur med overnatting på ei fjellhytte. Vi har med oss fjellguide og kanskje kan vi kome oss på ein 3000-meters topp i løpet av turen. Spanske fjellhytter drivast omlag som i Norge, men held som regel ein noko lavare standard. Overnatting på sovesal.
• Nistelunsj undervegs og middag på hytta.

Dag 6 – Fjelltur med overnatting
• Vi vandrar vidare frå hytta og nyt nye stiar og nye utsikter på vegen tilbake til dalen. Nistelunsj undervegs.
• Restaurantmiddag.

Dag 7 – Sykkeltur
• Vi leiger el-terrengsyklar og syklar ei rute som krev at du er komfortabel med å sykle på grus-/traktorvegar. Ved hjelp av el-motoren får vi sett oss om i eit stort område og kan kose oss i både oppover- og nedoverbakkar.
• Nistelunsj undervegs.
• Restaurantmiddag.

Dag 8 – Reisedag: Pyreneane – Barcelona
• Avreise frå Vall de Boi på morgonen og ein 3,5time køyretur til flyplassen i Barcelona.

PRIS: 1700 €/pers ved gruppe på 8

Prisen inkluderar transport, sykkelleige, autorisert fjellførar, inngongsbillettar i kyrkjer, guida landsbybesøk, overnatting i delt dobbeltrom og alle måltid som beskrive i programmet.

Prisen inkluderer ikkje flybillettar tur/retur Barcelona (de kjøper sjølve billettar). Alle må sørge for si eiga reiseforsikring. Drikke utover vatn til lunsj og middag betaler kvar enkelt sjølv. Einerom kan evt ordnast mot ekstra kostnad.

Dersom du har spørsmål angåande turen eller ynskjer eit prisoverslag utifrå dine ynskjer så er det berre å fylle ut kontaktskjemaet nedanfor. Vi er sjølvsagt klar for å svare, oppklare og avklare, så godt som vi kan. Ta kontakt!

×