Spania har meir å by på enn strand, tapas og vin, sjølvsagt. Men, skikøyring er det nok ikkje mange nordmenn som tenker på. Likevel, til fjells, i Pyreneane, finn ein snø og skiføre vinterstid, og det er lange tradisjonar for alpine aktivitetar, sommar som vinter. Dei alpine fjella i Pyreneane er ekstra vakre og imponerande kledd i kvitt. Ta med deg familie eller vener på tur og utforsk snødekte løyper og fjellsider – Vi vil gjerne få organisere ein vintertur for deg og din gjeng!

I vårt område har vi tre alpinanlegg, Baqueira, Boí-Taüll og Cerler. Dersom ein vil legge ut på tur til fjells med ski på beina er Vall d’Aran, Aigüestortes nasjonalpark og Vall de Benasque flotte områder med mengder av alternativ for randonee. Her kan ein gå toppturar, eller velge mindre krevande ruter med meir fokus på å vere på tur. Alt kan tilpassast ferdighetsnivå og kor fysisk krevande utflukter ein ynskjer. Lokalkjende, sertifiserte fjellguidar kan kan ta deg med på flotte turar som passar dine ynskjer.

De vel kor mange dagar de ynskjer i preparerte løyper, og kva anlegg de vil til. Ynskjer de randoturar med guide?! Kor mange dagar og kva ferdighetsnivå? Kanskje ein dag med roleg landsbyliv… Vi legg opp programmet saman med dykk.

Det er cirka ein times køyring mellom kvart av dei ulike områda og annlegga.

De kan ta med eige skiutstyr eller leige det de treng på plassen.
Det er sjølvsagt også mulighet for å få hjelp av ein skiinstruktør for dei som ynskjer å jobbe med teknikk og liknande.

Det er mange ulike overnattingsstader å velge mellom, i alle komfortnivå og prisklassar.

Boí-Taüll er eit lokalt alpinanlegg med god stemning. Dei har 43 kvalitetsløyper på til saman 45 km og 11 skiheisar. Lavaste punkt i anlegget er på 2040 moh og høgaste punkt på 2750 moh.
Løypekart: https://www.boitaull.cat/en/winter/resort/slopes-map/
Boí-Taüll ligg i Vall de Boí, ein fjelldal med fleire små, trivelege landsbyar.


Baqueira/Beret er det største alpinanlegget i Pyreneane med løyper for alle nivå på til saman 165 km. I tillegg er det gode frikøyringsalternativ i/ved anlegget. Dei har 36 skiheisar av ulike typar. Lavaste punkt ligg på 1500 moh og høgaste på 2600 moh.
Løypekart: https://www.baqueira.es/en/trail-map
Baqueira ligg i Vall d’Aran (Aran dalen). Dette er også ein dal med små landsbyar, men i tillegg finn ein småbyen Vielha med ca 5700 innbyggjarar, butikkar, hotell, retaurantar osb.

Cerler anlegget har 80 km med løyper og ligg mellom 1500 og 2600 moh. Skianlegget ligg i Benasque dalen og er omkransa av 60 toppar over 3000 m. Løypekart: https://www.cerler.com/mapa-y-ficha-tecnica-cerler.html

Prisen på ein slik tur vil sjølvsagt variere med utgongspunkt i kva val ein tek med tanke på komfortnivå på overnatting, antal dagar med heiskort, om ein ynskjer guida turar og liknande.

Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har lyst på ein skitur i Pyreneane! Vi svarar gjerne på spørsmål og er klar for å lage opplegget du ynskjer!

Ta kontakt!

×