Ei variert og aktiv veke i den pyreneiske fjellheimen. Dette er ein tur både for deg som veit at du meistrar og likar alle dei ulike aktivitetane som står på programmet, men også for deg som ynskjer å prøve noko nytt! Uansett, moderat teknisk nivå, slik at det er mulig å delta på alle aktivitetar utan førehandskunnskap eller erfaring.

Saman utforskar vi den alpine fjellheimen og dei grøne dalane til fots, i vatn og frå sykkelsetet! Vi i Piritur er svært fornøgde med programmet, men vi er også klar for å tilpasse oss gruppa, veret og evt andre forhold som kan ha innverknad på programmet. Vi kjenner dette området svært godt, og denne lokalkunnskapen i kombinasjon med at vi er eit veldig lite “selskap” gjer oss fleksible.

Moderat fysisk nivå, men ein må vere klar for ei veke med mange timar aktivitet kvar dag.
Vi har base i Vall de Boí og dei fleste aktivitetane har også sitt startpunkt der.
Kvar kveld et vi middag saman på ulike lokale restaurantar, der ein kan kose seg med tradisjonelle rettar og lokale råvarer. Overnatting i dobbeltrom på triveleg og enkelt hotell.


Sjølv om fokuset for turen er fysisk aktivitet og naturopplevingar, blir også lokal kultur, historie og mattradisjonar ein naturleg del av opplevinga. Vall de Boí er ein dal med mange små landsbyar. Det er relativt mange restaurantar og barar/kafear der, men få butikkar og ingen større sentrum, så når vi ikkje er på tur slappar vi av i rolege og landlege omgjevnadar.

Les meir om Pyreneane og Vall de Boi: Kvifor Pyreneane?

Generelle reisevilkår: Reisevilkår for Piritur 

PROGRAM:

Dag 1 – Ankomst Barcelona – Pyreneane
• Møtast for avreise på flyplassen i Barcelona
• Køyrer minibuss til Taüll i Vall de Boí. Cirka 3,5 t i rein køyring, men vi stoppar undervegs og et lunsj.
• Innsjekk på hotellet og litt avslapping.
• Felles restaurantmiddag på kvelden. Dei lokale restaurantane opnar stort sett for middagservering kl. 20, så då blir det middag i 20-21 tida kvar dag.


Dag 2- Fjelltur
• Fjelltur på 4-6 timar i Aigüestortes nasjonalpark. Vi nyt alpint landskap, vakre fjellvatn og helser på hestar og kyr som beiter langt til fjells.
• Nistelunsj undervegs. Hotellet førebur matpakkar til oss kvar dag, unntatt «fridagen».
• På ettermiddagen kan ein til dømes ta ein kaffi og lese ei bok, nyte ei øl på ein bar eller gjere seg kjent i nabolaget.
• Felles restaurantmiddag.


Dag 3 – Sykkeltur
• Vi leiger el-terrengsyklar for dagen og syklar ei rute som kun krev at du er normalt komfortabel med å sykle. Det er ikkje teknisk stisykling som står på programmet, men heller ikkje landevegstur på asfaltert veg. Ved hjelp av el-motoren går både kilometerane og hødemeterane unna og vi får sett oss om i eit relativt stort område.
• Nistelunsj undervegs.
• Felles restaurantmiddag.


Dag 4 – Vandring i dalen
• Det er mange stiar med utgongspunkt i landsbyane i dalen. Vi vandrar gjennom skog og enger, og får med oss litt lokalhistorie på vegen.
• Nistelunsj undervegs.
• Felles restaurantmiddag

Dag 5 – «Fri»
• Ikkje noko felles program denne dagen. Kvar enkelt gjer som ein lystar, det kan til dømes vere kaffi og ei god bok, vandre i dalen, oppsøke det offentlege utandørsbassenget eller ta ein paraglidertur. Moglegheitene er mange, og om du ynskjer det hjelper vi sjølvsagt til med å legge planar for dagen!
• Ingen organisert lunsj.
• Felles restaurantmiddag


Dag 6 – Juving
• Elvevandring med hopp og anna moro i vakre omgjevnadar. Juvinga foregår med sertifisert guide som viser og forklarar undervegs. Forutset ikkje tidlegare erfaring med juving. Dersom ein ikkje er komfortabel med å hoppe frå store høgder så er det alltid eit alternativ, vere seg eit hopp frå lav høgde, rapellering eller å bli senka med tau.
• Eit lite besøk i Sant Climent de Taüll på ettermiddagen. Kyrkja er frå 1100-talet og videoframsyninga av dei originale veggmåleria er interessant å få med seg om ein har sansen for gamle kyrkjer eller ei!
• Felles restaurantmiddag.

Dag 7 – Fjelltur
• Ein siste fottur i nasjonalparken. 4-6 timers tur.
• Nistelunsj undervegs.
• Felles restaurantmiddag.


Dag 8 – Avreise Pyreneane – ankomst Barcelona
• Avreise frå Vall de Boí på morgonen.
• Køyretur på omlag 3,5t til Barcelona flyplass. Lunsjstopp eller niste undervegs.

PRIS: 1600 €

Prisen inkluderar transport, overnatting og alle måltid som beskrive i programmet (deltakarane ordnar lunsj sjølve ein dag).

Prisen inkluderer ikkje flybillettar tur/retur Barcelona. Dette må deltakarane sørge for sjølve. Alle må sørge for si eiga reiseforsikring. Drikke utover vatn til lunsj og middag betaler kvar enkelt sjølv. Einerom kan evt ordnast om ynskjeleg, mot ekstra kostnad.

Vi må ha minimum 5 deltakarar for å kunne arrangere turen.

Dersom du ynskjer å bli med på tur eller har spørsmål angåande turen så er det berre å fylle ut kontaktskjemaet nedanfor. Ved påmelding treng vi informasjon om kva tur du vil melde deg på, turdato, fullt namn, telefonnummer og epostadresse. Om det er noko du lurer på, så er vi sjølvsagt klar for å svare, oppklare og avklare, så godt som vi kan. Ta kontakt!

Vi tek forbehald om endringar i pris og program.

×